Informasjonsskriv

Denne artikkel kan og lastes ned som eit Word-dokument

Informasjonsskriv
Til deg som har ansvar i avdelingar med fleire tilsette, medarbeidarar i bedrifter, kommunar eller fylket. Dette er eit informasjonsskriv og ei orientering om status for Helseplan A/S sine nye DEXA – laboratorium i Sogndal.

Om Helseplan A/S
Helseplan A/S starta i året 2000 eit Osteoporoselaboratorium med DEXA – beinmassemålar på Kjørnes i Sogndal. Ein dataoperatør vart knytta til beinmassemålinga, ein legesekretær vart knytta til pasient-koordineringa og ein spesialist i kvinne-sjukdommar har det faglege ansvaret for drifta.

Osteoporoselaboratoriet kan difor bidra til at menneske med osteoporose diagnostiserast og blir vurdert for profylakse og behandling mot framtidige osteoporoserelaterte brot.

I 2002 starta vi opp den 1.Osteoporoseskulen i Sogn og Fjordane på Idrettssenteret med eit tverrfagleg team av lege, fysioterapeut, fysiolog og studentar frå Høgskulen i Sogndal. Osteoporoseskule er eit tolvtimars kurs for pasientar med påvist beinskjørleik. Pasientane får oppfylging i treningsstudio for å halda fram treninga etter at skulen er avslutta.

I perioden 2004/2006 deltek Helseplan A/S i prosjektet ”Verknad av dagleg fysisk aktivitet i skulen”, som er eit doktorgradsarbeid av Høgskulelektor Geir Kåre Resaland.

I 2005 starta Helseplan A/S eit nytt og unikt tilbod med utvida DEXA-laboratorium i Idrettssenteret i Sogndal. I tillegg til beinmassemåling kan ein no ved avansert teknologi få utført måling av kroppsmassen. Der finn ein ut kor stor del av kroppsmassen som er musklar og kor stor del av kroppsmassen som er feitt.

I perioden 20. januar til 17.mars i år arrangerar Idrettssenteret eit Vektreguleringskurs. Deltakarane får målt kroppssamansetning i den nye DEXA-maskina hjå Helseplan A/S i Sognahallen.

I perioden 12. januar til 02. februar arrangerar Helseplan A/S ved Dr. Barlinn ny Osteoporoseskule i Sognahallen i samarbeid med fysioterapeut Birte Barsnes og fysiolog Asgeir Mamen frå Idrettssenteret.

Invitasjon til avdelingsleiar
Dersom det er ynskjeleg for bedrifta å få ei belysing om tema Osteoporose på eit møte for medarbeidarar på dagtid eller kveldstid, vonar vi at det vert teke kontakt med Helseplan A/S på tlf. 576 74 576 for å avtale tid og stad.

Ein kort orientering om osteoporose og kva aktivitetar som skal skje framover i tid er som følgjer på neste side.

Om Osteoporose
Osteoporose (beinskjørheit) kan føra til redusert livskvalitet.
Forekomsten av osteoporoserelaterte brot, framfor alt virvelbrot, lårhalsbrot, handleddbrot, aukar stadig i samfunnet. Ein relevant forklaring er den aukande andelen eldre i befolkningsgruppa. Osteoporotiske brot inneberer stort bruk av ressursar p.g.a. operasjonar og rehabilitering, invaliditet, behandling av kroniske smerter i rygg, sekundære hjerte -lungelidingar samt auka mortalitet. Truleg vil kostnadene ved å førebyggje osteoporose/osteoporoserelaterte brot vera samfunnsøkonomisk lønnsomt.

Pasientar med osteoporotiske brot har gått over terskelen frå å vera friske til å bli kronisk sjuke. Dei har fått kroniske lidingar, som ofte fører med seg ein del livsstilsendringar. Auka kunnskap og meistring av sjukdommen er viktig for at pasientar med osteoporose kan utbetra sin livskvalitet i best mogeleg retning og hindre ein vidare utvikling av sjukdommen

Osteoporoseskulen i Sogndal

I perioden 12. januar til 02. februar arrangerar Helseplan A/S på nytt Osteoporoseskule. Som er eit tverrfagleg samarbeid av lege, fysioterapeut, fysiolog og studentar frå Høgskulen i Sogndal. Deltakarane ved skulen har fått påvist beinskjørheit og treng oppfølging med fagleg kompetanse i trening, ernæring og eventuelt medisinering.

Målsettingane for deltakarane er å få meir forståing for deler av sjukdomslæra, å øve på innlærde ergonomiske prinsipp og å kjenna seg tryggare i rollen som osteoporosepasient. Ved å delta på skulen lærer ein å verta flinkare til sjølv å ta ansvar for å få ein betre livskvalitet i kvardagen.

Vektreguleringskurset i Sogndal
I perioden 20. januar til 17. mars arrangerar Idrettssenteret nytt Vektreguleringskurs. Deltakarane får målt kroppssamansetning i Dexa-maskin. Ein får eksakt mål på tilhøve mellom feit og musklar. Viktigast er rett trening og kosthald med hjelp frå personleg trenar.

Kurset skal vera moro, lystbetona og legge vekt på motivasjon.

Opningstider for DEXA laboratoriet
Helseplan A/S har ope for DEXA måling kvar veke på tysdagar i Sognahallen, torsdagar og fredagar på Kjørnes.

For meir informasjon ber vi om at du tek kontakt på tysdag, torsdag eller fredag på tlf. 576 74 576

Med venleg helsing
for Helseplan A/S

Marny Tønnessen, Koordinator DEXA lab
Dr.Arne Jon Barlinn, Spes.Kvinnesjukdomar
Liv Anny Barsnes, Legesekretær