Tenester

  • Gynekologi
    - Kvinnesjukdomar
    - Hormonforstyrrelsar
    - Plager ved overgangsalder
    - Ultralyd-undersøking

    - Kolposcopi
  • Osteporoselaboratoriet
    - Beintettleiksmåling
    - Risikovurdering
    - Forebygging
    - Behandling
    - Skule for osteoporosepasientar

Informasjonsskriv om Helseplan AS
Til deg som har ansvar i avdelingar med fleire tilsette, medarbeidarar i bedrifter, kommunar eller fylket.

    

Helseplan A/S starta opp i år 2000 eit Osteoporoselaboratorie med fylket si den gong einaste DXA – beinmassemålar. Ein dataoperatør er knytta til beinmassemålinga, ein legesekretær er knytta til pasientkoordineringa og ein spesialist i kvinnesjukdommar har det faglege ansvaret for drifta.

Osteoporoselaboratoriet kan difor bidra til at mennesker med osteoporose diagnostiserast og blir vurdert for profylakse og behandling mot framtidige osteoporoserelaterte brot Vi håper legane (primærlege, bedriftslege, ortoped, lungelege, revmatolog, endokrinolog m. fl.) vil nytta dette tilbodet ved diagnostisering av osteoporose i aukande grad. Tilvising kan skje på vanleg spes-tilvising til Helseplan A/S, Osteoporoselaboratoriet ved Dr. Barlinn, Postboks 149, 6851 Sogndal

Forekomsten av osteoporoserelaterte brot, vil seia framfor alt virvelbrot, lårhalsbrot, handleddbrot, aukar stadig i samfunnet. Ein relevant forklaring er den aukande andelen eldre i befolkningsgruppa. Osteoporotiske brot inneberer stort bruk av ressursar p.g.a. operasjonar og rehabilitering, invaliditet, behandling av kroniske smerter i rygg, sekundære hjerte -lungelidingar samt auka mortalitet. Truleg vil kostnadene ved å førebyggje osteoporose/osteoporoserelaterte brot vera samfunnsøkonomisk lønnsomt.

Medmennesker med osteoporose har trådd over terskelen frå å vera frisk til å bli kronisk sjuk. Dei har fått kroniske lidingar, som ofte fører med seg ein del livsstilsendringar. Auka kunnskap og meistring av sjukdommen er viktig for at pasientar med osteoporose kan utbetra sin livskvalitet i best mogeleg retning og hindre ein vidare utvikling av sjukdommen.

Til tross for at man i dag har relativt gode måtar for behandling/profylakse, er osteoporose og osteoporoserelaterte brot ein av de mest underdiagnostiserte og underbehandla tilstandar i dag.

Som eit tverrfagleg samarbeid med Helse og treningsterapeutane ved Idrettssenteret i Sognahallen i Sogndal, starta Helseplan A/S Osteoporoselaboratoriet våren 2003, skule for pasientar med osteoporose.

Ynskjer du å delta på skulen? Ta kontakt med fastlegen din eller ta direkte kontakt med oss.

"Kunnskap og meistring gir auka tryggleik og livskvalitet"